Samtale med Shahram Khosravi ved Kunsthuset Kabuso
Torsdag, 25.09
12:00-13:00
Bli med på ein samtale med med den iransk-svenske sosialantropologen og forfatteren Shahram Khosravi.
Litteraturbåten Epos er på turné for samtidskunstfestivalen Bergen Assembly. Kvar veke er det ein ny forfattar som følger båten og 23.-30.09. er det Khosravi som er ombord.
Under Epos sitt opphald i Øystese vert publikum invitert til ein samtale med ham i Kabuso.
Shahram er opptatt av kunnskapsdeling og kunnskapsutvikling som ikke er institusjonalisert: Korleis kan me dra nytte av kunnskapsdelinga frå generasjon til generasjon, mellom etablerte og nyankomne innbyggarar, korleis kan me ta vare på og utvikla den formidlinga som føregår utanfor dei formelle læringsarenaane?
Under opphaldet til Shahram vitjar Epos ei rekkje stadar. Vatnet, fjorden og havet som tradisjonelt samband mellom menneske og stadar – ikkje ei hindring kor me må bruka unødvendige minutt på fergekaien for å få bilen dit me vil – er også eit fokus for han denne veka.
Shahram vil halda ei innleiing, men er først og fremst interessert i å koma i samtale. Han vil svært gjerne få innspel frå eldre, nyankomne, born og alle andre som kan vera interesserte i ei slik utveksling.
Samtalen vil føregå på svensk/svorsk.
